Tuesday, October 14, 2008

- ein gong var eg salt -

ein gong var eg salt
men eg mista krafta mi
eg var lei av smaken min
eg ville vere sukker

Eg spurte kryddermakaren om han kunne gjere nok med det. Han sukka og sa: "du òg no? Jaja, du får vel prøve deg", og dryssa nokre sukkerdråpar på meg. "NO!", tenkte eg, "no er eg sukker! Jeei!" Eg var nøgd. Glad og tilfreds gjekk eg attende til skåpet mitt og venta i spaning på at nokon skulle ta meg i bruk, mitt nye, forbetra og spanande eg.

Men ingen brukte meg.

Kvar gong døra gjekk opp kneip eg augo att, håpa, håpa at denne gong, no, no er det min tur, no skjer det!... Men nei. Kvar gong tok dei ut eit anna krydder, eit sterkare, meir eksotisk, meir fargerikt, kva som helst, ingen let til å bry seg om meg, sukkersaltet, det nye kule, in-tingen, eg hadde aldri kjent meg så oversett før.

Eg stod der og surna. Dei einaste som likte meg var dei ekle, svarte feite flugene som sverma rundt meg etterkvart som eg mugla.

Lutrygga og sur gjekk eg attende til kryddermakaren. "Eg vil bli salt igjen", sa eg. "Ingen vil ha meg når eg er blanda." Kryddermakaren smilte overberande til meg, eg tenkte at no seier han "kva var det eg sa, ditt naut", eg krympa meg der eg stod, men så liten som eg var så var det vanskeleg å verta endå mindre, men eg stod no uansett der og krympa meg, lukka augo, venta på ei sjølvgod mine å dukke fram, men han klappa meg berre på skuldra og sa "eg likar deg som du er, lille salt, men eg likar deg endå betre når du er rein, når du er berre deg - og det burde du òg!"

Glad og nøgd (og litt overraska over den venlege behandlinga, sjølv om eg i grunnen veit at kryddermakaren berre vil meg vel, han skapte meg jo til salt for ein grunn, men det er umogleg å seia det til nokon som absolutt vil prøve å vere sukker, om berre for ein kort periode i livet sitt) hoppa eg inn i skåpet att, og til mi glede og overrasking merka eg meg at dei var heilt galne etter meg, for kvar gong døra gjekk opp var det meg dei greip fatt i, som om eg ikkje hadde stått der heile tida, kanskje dei ikkje hadde kjent meg att?, det var ei logisk forklaring, for eg hadde jo ikkje vore heilt meg sjølv den siste tida. Og ei gong overhøyrde eg nokon som sa: "Eg har jammen sakna saltet! For same kva eg har krydra meg har det aldri kunna få fram smaken så godt som saltet kunne".

Eg skal aldri meir blande meg.

5 comments:

Brigt said...

Mad, mad, og atter mad cred!
Sorry, kan ikke skrive mer, må lese det en gang til.

sachin said...

hi dear friend,
how r u?
pls visit this blog for great information..

http://spicygadget.blogspot.com/.

thank you dear
take care..

Grete said...

Å kjæreste Siljemor, hva skal jeg si? Du har forstått mye viktig om livet du, og du beskriver det så godt. Hvordan går det med musikken om dagen? Husker du skrev noe en gang om at vi må følge de drømmene som ligger vårt hjerte nærmest.
Stor klem til deg!

Oddveig said...

siljevennen! når kommer den nye cd en din? å hvor får vi kjøpt den?!

Grete said...

Jeg tror ikke det, men jeg skal ikke si det helt sikkert. Vi får se :)